Velkomen til SIM-appen
Velkomen til SIM-appen! Som del av SIM får du tilgang til kyrkje-appen vår. Her får du fortløpande informasjon om kvar som skjer, oppdaterte kalendarar, personleg tenesteplan, kontaktkatalog til andre i forsamlinga og anna nyttig info. Kort sagt; informasjon og komunikasjon du treng - samla på ein stad. Å komme i gang er enkelt: Last ned appen, lag deg ein brukar, få godkjenning - så er du i gang. (Hugs å skru på varslar for å få opp påminning om Gudstenester ol) Om SIM Vi er ei livsglad kristen forsamling på 150-200 personar i alle aldrar. Ønsket vårt er å vere eit inkluderande fellesskap for søkande mennesker i Sogndal og området rundt. Ein plass ein kan kome utan å tru så mykje og finne meir ut av eiga tru, og for deg som vil vekse i den trua du allereie har. Samlingane våre har eit folkeleg utrykk, og vi forsøker å skape ei avslappa og venleg atmosfære det er lett å kjenne seg heime i for både kjente og nye. Vi søker å vere ei generasjonskyrkje i Sogndal som bryr seg Vår Visjon er: inkludere - utruste - sende Les meir om oss på sogndalimf.no